#Tingvoll.net
      Et lite sted midt i verden!

#Tingvoll.net skal være reklamefritt, gratis og fritt for nettroll!  cool

×
Velkommen til #Tingvollnet! forumet

Vi forventer at alle som registrerer seg og bruker forumet oppfører seg som folk! Nett troll er uønsket, og vi vil ha en saklig diskusjon. Å være uenig er greit, men hvis du vil slenge dritt, så finn deg en møkkakjeller og en spade! (PS: Vi kan formidle kontakt med flere bønder)

Vær positiv mot alle andre!

Forumet kan brukes til å legge inn nyheter, dele nyheter, legge inn linker til musikk som er produsert i Tingvoll, resultater og beskjeder om ditt og datt. MEN, det er kun for privatpersoner. Ingen reklame for bedrifter!

Noen testbrukere har etterlyst kontaktinfo på feks forsamlingshus i kommunen o.l. De som har info som kan legges inn på de oppføringene som er lagt inn, må bare ta kontakt på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Politisk rekneskap fra Tingvoll KrF

1 måned 7 timer dager siden #41 av Admin
Siste kommunevalg vart det beste i KrF si historie i Tingvoll, likevel havna vi i opposisjon. Men frå å sitte i mindretal, er vi kjempestolte av den positive forskjellen vi har utgjort dei siste fire åra.

Her følger DEL 1 av utvalde saker der KrF har vore «arkitekt» og forslagsstillar.

Den første saka vi vil nemna, er Åsprong hyttefelt. Ei fastlåst og vanskeleg sak med steile frontar vart - etter at KrF kom med konstruktive innspel og initiativ til møteavtalar med fylkesmannen - løyst med fornuftig dialog og vedtak.

Den andre saka vi vil ta fram er Rimstadkrysset. Rett før budsjettmøtet i desember -16 fekk vi kunnskap om at vegvesenet ville trekkja den økonomiske støtta til prosjektet dersom kommunen ikkje fullfinansierte omlegginga. Vi foreslo å ta 3 mill. frå planlagt flyktningeboligar til ny kryssløysing. Vegvesenet hadde sett stopp for all vidare utbygging som kunne føre til større trafikk gjennom krysset, både boligbygging og næringsutvikling. Dette vart løyst og har ført til at Aquagen kunne gjera store investeringar. Det har skapt eit «fritt fram» for andre nye utbygggingar og ikkje minst - gjeve ei sikrare kryssløysing.

Vidare vil vi nemna Tingvoll Næringspark på Saghøgda. Der har vi eit stort og kreativt industrimiljø, der bedriftene kvar for seg utvider og gjer det knallbra. Dei vil gjerne ha nye naboar, og KrF har tatt utfordringa og foreslått og fått vedteke investeringar på ein million to år etter kvarandre til opparbeiding av ny industritomt og infrastruktur.

Når vi er inne på næringsetablering så fekk vi i 12. time høyre at Ottar Ulset hadde gjeve opp å få til ein avtale med kommunen om tomt på Einset for vaskehall for sine dyretransportbilar. Etter personleg kontakt med Ulset frå oss, fekk vi utsett signering av kjøpekontrakt med 48 timar! Ulset var i ferd med å kjøpe på Høgsetterminalen i Gjemnes! Da fekk vi eit hastemøte med kommuneleiinga og forsikra at med KrF si oppfølging, skulle dei få kjøpa tomt på Einset. Dette førte til hektisk møteaktivitet og tøff oppfølging frå vår side, noko som resulterte i investeringsbeslutningar på Einset. Alle kan no sjå at ein ny flott hall reiser seg for Ulset sine bilar, og vi ser fleire opparbeidde tomter som ventar på kjøparar.

Tingvoll vidaregåande skule er kanskje den viktigaste bedrifta vi har i kommunen vår. Da vi fekk sjå søkjartala no i vår, så tok vi initiativ i formannskapet til at kommunen skulle inngå partnerskap med skulen og fylket for å finansiere skuleplass til fleire med innvandrarbakgrunn som ikkje har rett til å få plass gjennom vaksenretten Dette vart vedteke, og da vart det saman med våre lokale søkjarar nok elevar til oppstart av helse- og omsorgsfag VK1 og VK2!

KrF er på tå hev for alt som rører seg rundt TVS, og vi vil også framover vera kreative og sjå etter nye muligheiter i samarbeid med skulen.

Vi vil avslutta denne DEL 1 av rekneskapet med «kuppet» som det sto referert i avisa: at vi fekk vedteke fem millionar kroner av siste års overskudd til svært nødvendig vedlikehald av våre kommunale vegar, til stor glede for mange brukarar.

Tingvoll KrF er eit næringsvennleg parti. Vi understrekar verdien av at kommunen legg til rette for at bedrifter kan etablere seg og skape gode og trygge arbeidplassar. I neste omgang sikrar dette nye inntekter til kommunen, noko som kan brukast til lovpålagt drift for våre innbyggarar.

Vi vil at Tingvoll skal vera ein JA-kommune som sikrar eksisterande arbeidsplassar og legg til rette for nyskaping. Vi vil vere positive til alle gode forslag som kan auke folketalet og utvikle kommunen. Dersom du er enig med oss er det trygt å velge stemmeseddelen som det står KrF på.

Dette er eit lokalvalg, så sjølv om du ved stortingsvalg eller fylkestingsvalg har andre favorittpartier, håpar vi at du har lagt merke til at KrF er kommunen sitt mest aktive parti og støttar oss med å bruka stemmeseddelen vår – og anbefaler KrF også til andre!

Godt valg – helsing oss på KrF-lista

Vennligst Logg inn eller Registrer konto for å bli med i samtalen.

Mer
Tid til å lage siden: 0.157 sekunder

Aktivitetskalender

Del denne siden:

Logg inn