Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Bokkveld: Kampen om Dovrefjell

november 29 @ 19:00 - 20:00

Gratis
Bokkveld Kampen om Dovrefjell 29112022
Biblioteket får besøk av forfattar Svein Sæter som presenterer si nyaste bok Kampen om Dovrefjell.
Dovrefjell er ei skattkiste. Landskapet, dyrelivet, plantene og kulturminna er unike. Her finst Europas siste opprinnelege villrein og spor etter dei første menneska i Norge. Herifrå blir fjellreven gjeninnført i norsk natur, hit er moskusen henta etter 30 000 års fråvær. Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og andre verneområde sikrar denne skatten. Tilsynelatande. For Dovrefjell er under sterkt og aukande press, det same presset som truar alle norske fjellområde: klimaendringar, kraftanlegg, turisme, hytter, vegar. Denne boka er ei kjærleikserklæring og eit kampskrift, for fjellet.
Svein og Yngvild Sæter er far og dotter, og dette er den tredje boka dei samarbeider om. Svein er forfattar og bur i Stangvik på Nordmøre. Yngvild er kunstnar og skribent, for tida busett i Stockholm.
Det blir anledning til å kjøpe boka i etterkant.

Detaljer

Dato:
november 29
Tid
19:00 - 20:00
Kostnad:
Gratis
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://www.tingvoll.kommune.no/bibliotek/kampanje/bokkveld-kampen-om-dovrefjell.7265.aspx

Arrangør

Tingvoll bibliotek
Telefon:
94823429
E-post:
bibliotek@tingvoll.kommune.no
View Arrangør Website

Sted

Tingvoll bibliotek, Skolevegen 34, 6630 Tingvoll, Norge

Legg igjen en kommentar