Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Kongen, lova og landet med Jørn Øyrehagen Sunde

oktober 2 @ 19:00 - 20:00

Tingvoll bibliotek markerer Landslovjubileet.

I år er det 750 år siden Kong Magnus Lagabøte samla heile det norske kongeriket under ei lov for fyrste gong. Dette blir markert med eit nasjonalt jubileum over heile landet.

Magnus Lagabøtes landslov fungerte som lov i Norge i meir enn 400 år og er eit av dei viktigaste dokumenta vi har frå mellomalderen. Lova har i stor grad bidratt til å forme Norge slik vi kjenner landet vårt i dag, og med lova vart Norge for alvor transformert frå eit vikingsamfunn til eit gryande statssamfunn.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo, forskar på Nasjonalbiblioteket, og den fremste eksperten på Landslova av 1274. Boka «Kongen, lova og landet» er eit formidabelt verk, der Øyrehagen Sunde skriv fram ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt orientert og jordnær på same tid.

Les meir om jubileet her https://www.nb.no/landslovjubileet2024/

Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre Bispedømme og Litteraturhus i Møre og Romsdal.

Gratis.

Dørene opnar klokka 18.30.

Detaljer

Dato:
oktober 2
Tid
19:00 - 20:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Tingvoll bibliotek, Skolevegen 34, 6630 Tingvoll, Norge

Legg igjen en kommentar