Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Kunsten å skrive ein roman

september 20 @ 17:30 - 18:30

Gunn Marit Nisja, Angela Hagen og Bjørn Vatne er frå kvart sitt fogderi, og skriv romanar på kvar sin måte. Kva vil dei med bøkene sine? Korleis foregår sjølve skrivinga? Kva skjer når dei står bom fast? I «Kunsten å skrive ein roman» samtalar dei om desse og andre spørsmål, med eksempel frå eigne forfattarskap. Gunn Marit Nisja budde i Egypt da ho knekte skrivekoden. Det vart til brakdebuten «Naken i hijab». Seinare er det som om historiene har stilt seg opp og bede om å bli fortalt. Gunn Marit skriv fordi ho må: Etter nokre dagar utan skriving, blir ho uroleg og stressa. Bjørn Vatne er alltid på leiting etter dei kreftene som styrer oss, både dei som kjem innanfrå og dei som kjem utanfrå. Kvifor er vi som vi er, kvifor gjer vi som vi gjer? Bjørn liker å blande sjangrar, stilar og språk til ein sterk saus – gjerne toppa med ein dose humor. Angela Hagen har kjempa med den nye romanen sin i fire år. No sitt ho med to heilt ulike utkast, og er ikkje fornøgd med nokon av dei. Kva vil ho med romanen? Både Angela og redaktøren spør. Hjelper det å skrive eit filmmanus mens romanen modnar? Saman inviterer dei tre til ein samtale som vil inspirere både lesarar og forfattarar.

Detaljer

Dato:
september 20
Tid
17:30 - 18:30
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://www.tingvoll.kommune.no/bibliotek/kampanje/kunsten-a-skrive-ein-roman.7829.aspx

Arrangør

Tingvoll bibliotek
Phone
94823429
Email
bibliotek@tingvoll.kommune.no
View Arrangør Website

Sted

Tingvoll bibliotek, Skolevegen 34, 6630 Tingvoll, Norge

Legg igjen en kommentar